Ljuvlege og vare tonar skal lokkast fram av Evgenii Zhukov (fløyte) og Stefan Bocken (klarinett).
Evgenii har etter kvart vorte eit kjent namn og ansikt i Valldal. Han er fløytelærar i kulturskulen og dirigent for skulekorpset og Valldal hornmusikklag. Stefan har vore lærar for klarinett i dette skuleåret. Han bur på Sjøholt og jobbar i ulike kulturskular i området, i tillegg til studiar i pedagogikk. Carolin Eide skal akkompagnera på piano. Med seg har dei nokre elevar på kvart av instrumenta. Det vert mykje fin musikk med kjende songar, Bach far og son, Fr. Schubert, Fr. Chopin, G.Gershwin til musikk frå vår eige tid.
Tidspunkt: kl.16.30
Det er god plass i kyrkja. Vel møtt til ei fin ettermiddagsstund!
Norddal sokneråd